Faktaboks

Gerhard Stoltz
Fødd
25. april 1948, Bergen

S. debuterte som forfattar i antologien Åtte fra Bergen (Pax Forlag, Oslo 1969). Allerede dei tidlege skriftene hans var fulle av referansar til reklame, teikneseriar, popsangar, filmar og triviallitteratur. Inspirasjonen frå internasjonal undergrunns- og avantgardekultur er tydelegat Ikkje minst er Per Kirkeby eit sentralt namn i denne samanhengen. Interessa for det banale, for klisjéar og massekultur er gjennomgåande i S. sin produksjon, men referansane er blitt mindre direkte med åra. S. slutta å skriva til fordel for skulpturelle eksperiment som han for første gong viste på utstillinga Ny Bergensskulptur i Galleri 1 1971. Saman med 11 andre unge Bergens-kunstnarar stilte S. ut i Oslo Kunstforening i 1972 under fellesnemninga Bellevue, Bellevue. S. og Bård Breivik stod for eit fellesprosjekt, tydelig influert av anglo-amerikansk konseptkunst, m.a. viste dei eit hol i jorda overført frå Bergen til Oslo som positiv avstøyping. S. arbeidde med konsept- og minimalkunsten i desse åra. Materiala var gjerne billegt skrotmaterial: glas, twist, sand, bly. Men på Kunstgruppa Lyn si utstilling i Galleri 1 i 1972 hadde han med arbeid i både stål og marmor. Rundt 1974 oppgav han skulpturen til fordel for grafikk, teikning og akvarell. Fleire bilde (utst. Galleri 1, 1974) representerte ei systematisk utprøving av fargeverdiar kombinert etter ein spesiell metode. Grafikk har det blitt mindre av etterkvart, både av praktiske grunnar og fordi det i teikning og akvarell er mogeleg å arbeide friare og meir spontant. Elles er det streken som først og fremst særkjenner S. Han leikar med streken, følgjer innfall, stiliserer, skapar mønster og figurar av både dekorativ og forteljande karakter. Paul Klee er nok den einskildkunstnaren som har hatt mest å seia for S. Bilda kan nærma seg det heilt abstrakte, eller dei kan vera konsentrerte om eit slåande visuelt poeng, eller bera i seg paradoks og dobbeltbotna poeng. Underfundige titlar er ofte med til å gje bilda ein tilleggsdimensjon i humoristisk eller ironisk lei. Eit hovudverk hittil er utsmykkinga i Realfagbygget ved Universitetet i Bergen (1980), der han har dekt eit 3 x 12 m2 stort veggfelt med teikning. I 1971 var S. med å skipa Kunstgruppa Lyn som hadde verkstadfellesskap i Finnegården på Bryggen fram til 1980.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Randi Bjørnstad
  • Gerhard Stoltz

Gift med

  • vibeke Øxnevad Helgesen

Bosatt (pr 1982-1986)

  • Bergen

Utdannelse

  • Sjølvlært som kunstnar

Stipender, reiser og utenlandsopphold

  • Bergen og nabokommunenes kunstnerstipend 1979
  • Statens reisestipend 1981
  • Statens 3-årige arbeidsstipend 1983

Stillinger, medlemskap og verv

  • Medlem Foreningen Norske Grafikere
  • Bildende Kunstneres Forening Hordaland
  • Styreformann Hordaland Kunstnersentrum 1983, styremedlem 1984
  • Jurymedlem Vestlandsutstillingen 1981-83
  • Sekretær Norsk Forfattarsentrum Vestlandsavdeling ca. 1970-72
  • Gallerisekretær Galleri 1, Bergen 1973-74 og 1978-81

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Realfagbygget, Universitetet i Bergen (1980)
  • Nasjonalgalleriet, Oslo
  • Bergen Billedgalleri
  • Sonia Henies og Niels Onstads Stiftelser
  • Stavanger Faste Galleri
  • Haugesunds Billedgalleri
  • Riksgalleriet
  • Norsk Kulturråd
  • Oslo kommunes kunstsamlinger

Illustrasjonsarbeider

  • E. Økland: Sikk Sakk, Oslo 1978
  • E. Økland: Gutar i røyk, Oslo 1980
  • E. Økland: Her er ingen papegøye, Oslo 1984

Utstillinger

Gruppeutstillinger

  • Gall. 1, Bergen, 1972
  • Gall. 1, Bergen, 1976
  • Stavanger Kunstforening, 1972
  • Haugesund Kunstforening, 1975
  • Oslo Kunstforening, 1975
  • Aalesunds Kunstforening, 1978
  • Trondheim Kunstforening, 1978
  • Christianssands Kunstforening, 1978
  • Gall. Vikerødegården, Furnes, 1978
  • Gall. Prosess, Oslo, 1978
  • Bergens Kunstforening, 1979
  • Sonia Henies og Niels Onstads Stiftelser, 1980

Separatutstillinger

  • Gall. 1, Bergen, 1974
  • Gall. 1, Bergen, 1977
  • Gall. 1, Bergen, 1984
  • Gall. 71, Tromsø, 1976
  • Friluftsliv, Gall. Gamlebyen, Fredrikstad, 1977
  • Gall. Norske Grafikere, Oslo, 1978
  • Bergens Kunstforening, 1980
  • Stavanger Kunstgalleri, 1981
  • 1981

Kollektivutstillinger

  • Vestlandsutst., 1976
  • Ny Bergensskulptur, Gall. 1, Bergen, 1971
  • Bellevue, Bellevue, Oslo Kunstforening, 1972
  • Ungdomsbiennalen, Paris, 1975
  • Kunst og kunstnere i Hordaland, 1976
  • Vestl. Kunstind.museum, Bergen, 1976
  • Nyere utsmykninger i Hordaland, Bergens Kunstforening, 1981

Eget forfatterskap

  • Profil, Oslo, 1967, nr. 3, s. 29
  • Stoltz, Gerhard, Arild Steen, Beatkultur, Vinduet, Oslo, 1969, nr. 2, s. 143-60, sm.m
  • Åtte fra Bergen, Oslo, 1969, s. 47-65
  • "The IT Girl, epitome of razz-ma-tazz, everybody's dreamboat from 1925 to 1930", Prisma, 1970, nr. 2 s. 4-6, Sonia Henies og Niels Onstads Stiftelser
  • Tre bidrag til myten omkring prinsesse Ira von Fürstenberg, Oslo, 1970
  • Herbstbilder, Kontrast, Oslo, 1970, nr. 23, s. 44-45
  • Larsen, Rolf, Stoltz, Gerhard, Døden i Alpene, Vinduet, Oslo, 1970, nr. 3, s. 212-15
  • Aclahuasi: Peru, Oslo, 1971
  • Amerika-bilder, Kontrast, Oslo, 1971, nr. 7, s. 39-40
  • Kunst og subsidier, Morgenavisen, 26.07.1973
  • Stubhaug, Arild, Stoltz, Gerhard, Postkort, Basar, Oslo, 1978, nr. 2, s. 16-19
  • Syv oversettelser, North-Information, Roskilde, 1981, nr. 106

Litteratur

  • Flor, H., i Bergens Tidende, 11.05.1974
  • Flor, H., i Bergens Tidende, 20.02.1976
  • Brun, H. J., BergensTidende, 01.04.1977, (ill.)
  • Flor, H., i Dagbladet, 28.09.1978
  • Loge, ø., i Bergens Tidende, 08.03.1979
  • Lyn, 1980, (ill.), katalog Sonia Henies og Niels Onstads Stiftelser
  • Torp, O., i Dagbladet, 08.05.1980
  • Holen, O. J., i Bergens Tidende, 09.05.1980
  • Norvin, K., i Morgenbladet, 22.05.1980
  • Johnsrud, E. H., i Aftenposten, 23.05.1980
  • Sørensen, G., Gulliksen, B. M., Johnsrud, E. H., Norsk maleri 70-tallet, Oslo, 1980, s. 58-63 (ill.)
  • Stavanger Aftenblad, 02.09.1981
  • North, København, 1982, nr. 10-11, s. 47-61 (ill.)
  • Bergens Tidende, 28.04.1984, (ill.)
  • Storaas, R., Bergens Tidende, 07.05.1984
  • Laundal, ø., Bergens Tidende, 11.05.1984