W.-L. debuterte på Høstutstillingen i 1955 med eit målarstykke kalla Min mann. Hennar tidlegaste bilde var klårt figurative og scener frå heimemiljøet var ynda motiv. Det gjeld òg for målarstykka Lesende gutter og Ketil som ho var representert med på ungdomsbiennalen i Paris i 1963. Fargebruken i desse bilda er kraftig og kontrastrik, og fargen har alltid spela ei sentral rolle i W.-L. sin kunst. Thore Heramb som ho hadde til lærar på Studieatelieret i Bergen 1959–61, har hatt mykje å seia for hennar utvikling i koloristisk lei. I ei rekkje bilde med Bergensmotiv frå 60-talet er fargen pastost lagt opp i breie flater malt med palettkniv, men etter kvart har dei tunge og mørke fargane blitt fortrengt av ein lysare og luftigare koloritt, og palettkniven er blitt bytta ut med pensel. Formspråket er blitt stadig meir abstrahert og spontanistisk, men utgangspunktet er gjerne eit naturinntrykk. Eit unnatak her er utstillingane i Bergens Kunstforening og Lillehammer Bys Malerisamling i 1971 som tok opp tilsulking- og flyktningeproblem. Uansett motiv er det likevel samspelet mellom fargane som er og blir hovudsaka. W.-L. har hatt Bergen som base det meste av si tid som kunstnar, men i 1979 flytta ho til Hemskilen utanfor Sandefjord. I Bergen var ho m.a. aktiv i Finnegårdskretsen som etablerte Galleri 1 i 1969.