R. skal ha gått i lære hjå Bjerkaker på Oppdal, men var verksam i Rennebu og Strinda. Kistene dekorerte han på varm, gul botnfarge med fyldige roser i kraftige, men godt avstemte fargar og bruk av lys og skygge i modelleringa. Motiva er fantasiblomstrar i urner eller overflødighetshorn, abstraherte roser, spinkle strøblomstrar og sirlig strekdekor. I interiørmålinga brukte R. klassiserande detaljar, sjablonar og frie roser, ofte på treimitert eller marmorert botn, som i dei pilasterdekorerte roma på Ramlo, Rennebu (ca. 1860).