Faktaboks

Embrik Gudbrandson Rime
Fødd
1808, Tollefsrud i Flå
Død
1884, Flå

R. kjøpte 40 år gammal garden Rime i Flå og tok namnet etter den. Alt som 20-åring var han dugande rosemålar, kanskje sjølvlært. Sjølv om han ikkje legg nokon rik fantasi for dagen, står han med sin enkle, sterkt personlege og einskaplege stil einsleg i Hallingdals-kunsten over ein periode på 50 år fram mot 1880. Motiv-tilfanget er heller avgrensa, men målinga er prega av karakter og sikker smak. Akantus-forma som vanlegvis er viktigaste elementet i rosemålinga, finst mest ikkje i heile hans produksjon. Stiliserte krossblomar, klokker og tulipanar i få, men raffinerte og harmoniske fargar er bundne saman med svarte lauv og stenglar som greiner seg vakkert utover. Eit av dei største og beste arbeid etter R. er stoveinteriøret på Nedre Børdalen i Nes, datert 1830. R. var også ein omframt dugande møbelsnikkar, med den såkalla Rime-stolen som spesialitet. Sonen Gudbrand førte denne handverkstradisjonen vidare.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Gudbrand Person Ålton
  • Barbro Knutsdotter Øygarden

Gift med

  • Mari Olsdotter Åvestrud

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Norsk Folkemuseum
  • Hallingdal Folkemuseum, Nesbyen
  • Drammens Museum

Litteratur

  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 67–69 (ill.)
  • Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 135