Faktaboks

Elling Olsen Furuhaug
Fødd
25. november 1832, Sudndalen, Hol
Død
1919, Furuhaug i Hemsedal

Rosemålinga til F. høyrer stort sett heime i folkekunstens forfallstid. Han er meir kjend for det eventyrlege og rastlause livet han levde enn som målar. Han og huslyden hadde i alt 16 heimar før dei endeleg slo seg til ro på Furuhaug i Hemsedal. Noka læretid som rosemålar hadde han neppe. Stilen hans var skiftande, ustadig som F. sjølv. Impulsar må han ha fått både i Hallingdal og andre bygdelag. På kistene brukte han ofte store asymmetriske teleroser, utan blomeformer, utførte i grovlagd hallingteknikk, flate mot flate. Fargane er sterke og reine og konturane kraftige med ei grannare line og små dropeformer innanfor. Han arbeidde både på Vestlandet, i Hallingdal og i andre bygder. Peisestova på Holmenkollen Turisthotell i Oslo, som brann i 1895, var dekorert av F. Denne målaren var ein av dei få som dreiv med rosemåling heilt frå slutten av den klassiske perioden og over på 1900-talet. Etter at Den Norske Husflidsforening kom i 1891 fekk han mykje arbeid med salsprodukt. Han arbeidde og som treskjerar.

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Peisestova på Holmenkollen Turisthotell, Oslo (brent 1895)

Litteratur

  • Flaten, H., Elling Olsen Furuhaug, Hallingen, Grand Forks, USA, 1917, nr. 19
  • Toner, J., Litt om gamle samferdselsveier, Den Norske Turistforenings Årbok, Oslo, 1927
  • Reinton, S.S., Reinton, L., Folk og Fortid i Hol, Oslo, 1943, bd. 2, s. 134, 626, 629
  • Reinton, L., Reinton, S.S., Folk og Fortid i Hol, Oslo, 1975, bd. 5, s. 699
  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 96