Faktaboks

Elling Ellingplassen
Fødd
1797, Kvamshaug i Hovet
Død
1882, truleg i Hol

Frå 1825 budde E. på Tuftehaugen under søre Nerol, som i bygselbrev frå 1847 fekk namnet Ellingplassen. I tillegg til den vesle plassen bygsla E. eit kvernhus i Djupedalen, men med 10 born i familien var målaryrket truleg det sikraste levebrødet. Med sin naivt frie og personleg oppfatta rokokkostil skil E. seg ut frå dei fleste andre Hallingdalsmålarar i tida. Avstanden til Sata-Bæra-skulen er heller stor. Derimot er det i den tidlege perioden eit tydeleg slektskap med den originale Ola K. Larsgard, som var sambygding og 22 år eldre. Ein må gå ut frå at dette var læremeisteren. Nokre av E.s tidlegaste kjente arbeid skriv seg frå ca. 1820–24. Eit signert framskåp er datert 1823 (Kyrkjeluten, Hol). I perioden 1830–40 utvikla han etter kvart ein sikrare penselteknikk, samstundes som stilen hans viser påverknad frå Telemark (kiste på Norsk Folkemuseum). Elles opptrer både symmetriske og asymmetriske motiv, stundom side om side. Men koloritten er alltid hallingdalsk. Telemarkrosene kom han truleg i kontakt med på Vestlandet der han tok seg målararbeid alt frå ungdomsåra. Det finst spor etter E. både i Hardanger, på Voss og i Sognebygdene heilt opp til Jostedalen. De Heibergske Samlinger har m.a. ei blåbotna kiste måla i Hafslo så tidleg som 1822. Då to av sønene, Tomas og Lars (Moen) voks til, slo dei lag med faren på målarferdene vestanfjells. Tomas (1824–1914) busette seg seinare på Steine i Kvam og levde av rosemåling all sin dag. Etter E. er det teke vare på eit lite fargeskåp som han bar med seg frå bygd til bygd. Det er forsynt med 13 skuffar der namnet på kvar farge står skrive utanpå. Dette gjev interessante opplysningar om fargar og andre målarmiddel som vart brukt i gamal rosemåling.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Randi L. Grøvo
  • Tomas O. Sire

Gift med

  • 1824 med Ingeleiv Halvorsdotter Sveingard

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Representert på Kyrkjeluten, Hol (framskåp 1823)
  • Norsk Folkemuseum (kiste)
  • De Heibergske Samlinger, Kaupanger

Litteratur

  • Reinton, S.S., Reinton, L., Folk og Fortid i Hol, Oslo, 1943, bd. 2, s. 614
  • Reinton, S.S., Reinton, L., Folk og Fortid i Hol, Oslo, 1972, s. 810
  • Asker, R., Rosemalingen i Hol, Drammen og Opland Turistforenings årbok 1944
  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 238