B. flytte frå Vinje til Bjålid i Rauland og seinare til Sandland i Brunkeberg, der han dreiv som gardbrukar. Han har måla mykje i desse bygdene, og frå byrjinga av 1830-åra var han på regelmessige målarferder til Hardanger og Hordalandsbygdene kring Bergen, som så mange av telemarkingane. I målinga si slektar B. på morbroren, Sveinung B. Svalastoga, og han var godt kjend både med Olav Torjussen og Aslak Nestestog. B. må reknast mellom dei fremste målarane i Telemark i tida 1825–1860, og er ein av dei som har etterlate seg flest stoveinteriør, m.a. på Suigard-Kostveit i Vinje, Evre-Mo på Rauland og Suistog-Svalastoga på Haddland. Han utvikla ein rytmisk og grasiøs stil med ein rikdom av figurbilete, både bibelske motiv, standspersonar, folkelivsbilete og litterære motiv, som t.d. "Nille og Jeppe". Etter tradisjonen er det B. som skal ha lært Trond Larsson Hus i Kinsarvik å måla, og etter han utvikla det seg ein heil telemarksskule i Hardanger. Det finst mange kister etter B. i desse bygdene.
gårdbruker og
rosemålar
Bjørn Targjeison Bjaalid
Faktaboks
Bjørn Targjeison Bjaalid
- Født
- 1791, Haukelid i Vinje
- Død
- 1859, Seljord
Offentlige arbeider
Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:
- Hardanger folkemuseum, Utne
Litteratur
- Vesaas, ø., Rosemaaling i Telemark, Oslo, 1955, bd. 2
Arkivalia
- Brekke, N.G., Rosemåling i bygdene kring Hardangerfjorden, 1968