Faktaboks

Anny Birgitte Aak
Fødd
1. november 1928, Bergen

Aa. debuterte på Høstutstillinga i 1970 med sin skulptur i stål kalla Tid. Før det hadde ho drive med både maleri og skulptur, mellom anna på Vossakulen med maleren Terry Frost og skulptøren Philip King som lærerar. Tida på Studieatelieret under Hugo Wathne vart avgjerande for det endelege valet av skulptur. Stål er det materialet som har interessert henne mest. For betre å meistra med stål, tok Aa. eit sveisekurs hos Norgas 1968 / 69. Sidan arbeidde ho i 7 år som sveisar i halv stilling på Bergen Mekaniske Verkstad. Ved sida av stål har ho òg nytta kopar, messing, tre, stein og glas og gjerne sameint fleire metallsortar i ein og samme skulptur. Dei store utandørsskulpturane er gjerne nonfigurative, som den Universitetet i Bergen eig, Tankeflukt. Den består av eit buktande, blåmalt stålband som symboliserer ein tanke, som startar, utvidar og samlar seg for så å fly vid. Dei mindre arbeida er ofte figurative og titlar som Oljesøl - fugleliv?, Barn i vekst og Lidenskap fortel litt om den tematiske breidda. I tillegg har Aa. laga ei rekkje portrett. I alle skulpturane er Aa. oppteken av å få fram materiala sin karakter. Strukturen i metallet og sjølve sveisemåten har mykje å seia for utforminga. Mange av figurane er hole, og aktiviseringa av rommet, både det indre og det ytre, som eit skulpturalt element, er særs vesentleg for Aa.

Familierelasjoner

Datter av

  • Selma Torstenson
  • Bjarne Rasmussen

Bosatt (pr 1982-1986)

  • Bergen

Utdannelse

  • BHKS 1945 - 49
  • Studieatelieret i Bergen under Tore Haaland, Johannes Vinjum og Hugo Wathne 1966 - 67 og 1969 - 71
  • Kurs i maleri og skulptur

Stipender, reiser og utenlandsopphold

  • Bergen og nabokommunenes kunstnerstip. 1972
  • Statens garantiinntekt frå 1979
  • Studiereiser til Polen, Danmark, Finland, Jugoslavia, Italia, Sverige, Frankrike

Stillinger, medlemskap og verv

  • Medlem Bildende Kunstneres Forening Hordaland, diverse tillitsverv
  • NBF
  • Styremedlem Studieatelieret 1976

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Tankeflukt, Universitetet i Bergen (stål 1974)
  • Arbeidere, Arna yrkesskule (stål 1975)
  • Cellen, Stord sjukepleierskule (stål og glass 1977)
  • Underveis, Askøy vidaregående skule (stål og messing 1979)
  • Frihet, Nordåstunet handikapsenter (stål 1980)
  • Livet, Midtbygda sjukeheim (stål og glass 1983)
  • BB
  • NKR
  • Århus amt
  • Skillingsbanken
  • Vestlandsbanken
  • Bergen Bank
  • Bergen kommune
  • Hotel Augustin, Bergen