Faktaboks

Anders Hansen Bolstad
Fødd
1846, Austestad i Fusa
Død
1917

B. vart gift til Bolstad i Hålandsdalen i 1871. Han kom tidleg med i kommunalt styre og stell, og var ordførar i mange år. B. var ein kunnskapsrik mann som merkte seg ut i bygda. Han hadde mange interesser, og var m.a. ein dugande trommeslager og rosemålar. B. var ein sterkt samtidsorientert norskdomsmann, og var ein av dei første i bygda som fekk seg reint flagg. Som rosemålar har han truleg lært av den jamaldrande Annanias Tveit frå Os, ein av dei som utvikla den sermerkte Os-stilen i andre halvdel av 1800-talet. Bolstad arbeidde i den karakteristiske stiliserte blomemålinga til læremeisteren, med landskapsbilete og arkitekturmotiv fletta inn i blomedekoren, men gjerne med endå meir botaniske og naturaliserte former enn Tveit, på kvit eller marmorert botn.

Litteratur

  • Brekke, N.G., Rosemåling i Midthordland, Bygdesoga for Os, Bergen, 1980