Store norske leksikon

Iver (Ivar) Gunnarson Øvstrud

  • maler
  • treskjærer

Liv og virksomhet

Ø. var truleg sjølvlært som kunstnar, og henta inspirasjon særleg frå kyrkjekunsten. Han var den første som skar akantusranker i Numedal. Eit tidleg eksempel på dette er ein brugdebenk i Veggli kyrkje (1742), rikt dekorert med krumme, akantusliknande blad med tynne nerveliner samt geometriske border og ei figurscene, alt skore i lavt relieff. Ø. er mest kjend for sine naivistiske, kraftig skorne og sterkt levande figurrelieff, som ei scene merka Abraham Brenofer på eit hengeskåp (1758, Norsk Folkemuseum). Alle detaljar visast frå sin mest karakteristiske vinkel, framheva også av reine, kraftige fargar, alt i ganske lavt relieff mot ein flat bakgrunn utan detaljar. Desse frodige plante- og figurframstillingane nytta han på ei rekkje møbel- og inventardekorasjonar som skåp, kister, skrin, benkar, kanner, auser, kar, mangletre, høvre og bogtre. Bibelske motiv dominerar, ofte med førebilete frå biletbibelen. I tillegg til treskurden bruka han og sviteknikk i dekorasjonane. Målinga opptrer oftast saman med treskurden, berre av og til åleine i figur- og blomemotiv på mindre gjenstandar.

Familierelasjoner

Gift med

  • 1750 med anne Johannesdotter

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Brugdebenk (1742) og almissetavle (1744), Veggli kyrkje. Attribuert Ø.: Ramme til altertavle (1748) og prekestolhimling, Svene kyrkje
  • Arbeid, Rollag kyrkje.
  • Norsk Folkemuseum
  • Drammens Museum
  • Historisk Museum, Bergen
  • Lågdalsmuseum, Kongsberg
  • Nordiska Museum, Stockholm

Utstillinger

Separatutstillinger

  • Drammens Museum, 1958
  • Nordiska Museum, Stockholm, 1959

Litteratur

  • Meyer, J., Numedal. Fortids kunst i Norges bygder, Oslo, 1932, bd. 2, s. 16-19, 53-55 (ill.)
  • Kunsten idag, 1947, hefte 4 s. 42-45 (ill.)
  • Kunsten idag, 1948, hefte 5 omslagsill.
  • Hauglid, R., En bygdeskjærer i Numedal, Treskjæreren, Oslo, 1949, hefte 2, s. 14-16 (ill.)
  • Hauglid, R., Akantus, Oslo, 1950, bd. 2, s. 148-50 (ill.), pl. III
  • Visted, K., Stigum, H., Vår gamle bondekultur, Oslo, 1951, bd. 1, s. 292
  • Norsk allkunnebok, Oslo, 1964, bd. 10, spalte 1306
  • Magerøy, E. M., Norsk treskurd, Oslo, 1972, s. 164-65 (ill.)
  • Aschehougs konversasjonsleksikon, Oslo, 1972, bd. 19, spalte 1205-06
  • Anker, P., Folkekunst i Norge, Oslo, 1975, s. 208, 213
  • Anker, P., Rácz, I., Norsk folkekunst, Oslo, 1975, s. 29, ill. nr. 11, 206-09, omslagsill. forside
  • Buskerud. Bygd og by i Norge, Oslo, 1977, s. 261-62 (ill.)
  • Christie, H., Christie, S., Buskerud. Norges kirker, Oslo, 1981, bd. 1, s. 294, 296, 361-62 (ill.)
  • Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 30, 137-38
  • Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon, Oslo, 1981, bd. 12, s. 706-07
  • Norges kunsthistorie, Oslo, 1982, bd. 3, s. 356-59 (ill.)