Faktaboks

Elsebet Rahlff
Rahlff, Elsebet
Fødd
23. mars 1940, København

Variasjon over det norske flagg. 1974. Digitalt Museum

/Nasjonalmuseet.

Frå 1961 til -67 dreiv R. parallelt med grafikk og bildevev, og ho har alltid hatt ei open og eksperimenterande holdning til materiale og teknikkar. I Bergen kom R. straks med i krinsen med dei eksperimentelle kunstnarane i Gruppe 66. R. var også med i ei gruppe som laga "konkrete tekstilar", t.d. hattar av reknemaskindelar, pels, bøygde gaflar og knivar i plast. R. fekk i stand den breitt samansette utstillinga Samliv, som vekte stor debatt. Ho har og arbeidd med romanalysar og romeksperiment ved hjelp av tekstil, sammen med arkitekt Svein Hatløy og arkitektgruppa Gult Felt. Det mest kjende prosjekt er nok Galleri Vadmyra, der ei gruppe bildekunstnarar og arkitektar aktiviserte eit forstadsmiljø i Bergen under festspelperioden fleire år på rad og markerte både husfasadar og landskap med fargesterke tekstilar. I sin eigen kunst er det stofftrykk R. har konsentrert seg om dei siste 15 åra. Flagg og flaggparafrasar har vore eit gjennomgangstema, t.d. Variasjoner over det norske flagg (1974, Norsk Kulturråd) der "stars and stripes" fyller mange av dei raude felta. På utstillinga Tendenser i 1975 hadde R. ein serie flagg montert på stenger ut frå veggen som tradisjonelle små 17.-mai flagg. Flagg var klipte i, eller infiltrerte av andre land sine flagg. Med enkle grep viser ho kor truga verdiane sjølstende og nasjonal fellesskap er, m.a. av utanlandsk økonomi. Billedflagg, Statens fysioterapiskole, Bergen (1980-81) har flagg fylte av kvardagsting og barnekultur, symbolar for vokster og glede. Som lærar ved Bergen kunsthåndverkskole har R. bygd opp avdelinga for stofftrykk og vore med og utvikla tekstilutdanninga i Bergen.

Familierelasjoner

Datter av

  • Hans Frederik Theodor Rahlff, arkitekt
  • Else Tuxen Bjerg-Nielsen

Gift med

Bosatt (pr 1982-1986)

  • Bergen

Utdannelse

  • Kunsthaandverkerskolen, København, tekstil under Franka Rasmussen og Rolf Middelbo 1957-61
  • Atelier 17, Paris, grafikk under Stanley William Hayter 1961–63

Stipender, reiser og utenlandsopphold

  • Studie- og kulturstipend frå Danmark 1961
  • Bergen bys stipend 1979
  • Bildende Kunstneres Styre materialstipend 1979
  • Statens vikarstipend 1981
  • Statens reisestipend 1982
  • Statens 3-årige arbeidsstipend 1983
  • Studieopphald i Paris 1961–63
  • studiereiser til Tyskland
  • Sverige
  • Finland
  • England
  • Frankrike
  • Italia
  • Busett i Bergen frå 1965

Stillinger, medlemskap og verv

  • Oppretta eksperimentell tekstilverkstad (vev), Johan Jensens teppefabrikk, Herning, Danmark 1964–65 (sammen med Anne Hedegaard)
  • timelærar, seinare høgskulelektor tekstilavdelinga, Bergen kunsthåndverkskole frå 1967
  • medlem Bildende Kunstneres Forening Hordaland, jurymedlem Vestlandsutstillingen og utsmykkingsutvalet 1978–80
  • medlem Norske Tekstilkunstnere
  • Utsmykkingskonsulent Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane 1980
  • og sentralblokka, Haukeland sykehus, Bergen

Priser, premier og utmerkelser

  • Haandverkerlaugets pris for oppgåve utført i stofftrykk, København 1961
  • grafisk blad trykt som UNICEF-kort 1975

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Ingeniørfirmaet Mogens Balslev, Bellacenteret, København (1964)
  • Loddefjord skole, Bergen (1974)
  • Statens fysioterapiskole, Bergen (1981)
  • Vestlandske Kunstindustrimuseum, Bergen
  • Norsk Kulturråd

Illustrasjonsarbeider

  • F. Bjørnseth: Dyrehavesuite, Bergen 1967

Utstillinger

Kollektivutstillinger

  • Høstutstillingen, 1980
  • Høstutstillingen, 1982
  • Vestlandsutstillingen, 1968
  • Vestlandsutstillingen, 1978-1979
  • Vestlandsutstillingen, 1983
  • Den Permanente, København, 1961
  • Gall. Maître Albert, Atelier 17, Paris, 1962
  • Vandreutstilling, Atelier 17, Paris, 1962-1963
  • Grafikkbiennalen, Ljubljana, 1963
  • Kunstnernes Efteraarsudst., København, 1964
  • Foraarsudst., Charlottenborgutstillingen, København, 1965
  • Gruppe 66, Bergens Kunstforening, 1966
  • Gall. Gammel Strand, København, 1966
  • Gall. 1, Bergen, 1969-1976
  • Konkret analyse, Bergens Kunstforening, 1970
  • Nordisk eksperimentell tekstil, vandreutstilling Gall. 1, Bergen, 1971-1972
  • Nordisk eksperimentell tekstil, vandreutstilling Gall. 1, Oslo, 1971-1972
  • Nordisk eksperimentell tekstil, vandreutstilling Gall. 1, Göteborg, 1971-1972
  • Nordisk eksperimentell tekstil, vandreutstilling Gall. 1, Helsinki, 1971-1972
  • Nordisk eksperimentell tekstil, vandreutstilling Gall. 1, København, 1971-1972
  • Tendenser, Gall. F 15, Moss, 1975
  • Kunst og kunstnere i Bergen, Festspelutstilling, Vestlandske Kunstindustrimuseum, 1976
  • Samliv, ei informasjonsutstilling, Bergen kunstforening, 1977-1979
  • Samliv, ei informasjonsutstilling, Oslo kunstforening, 1977-1979
  • Samliv, ei informasjonsutstilling, Trondheim kunstforening, 1977-1979
  • Samliv, ei informasjonsutstilling, Tromsø kunstforening, 1977-1979
  • Samliv, ei informasjonsutstilling, Kunstnernes Hus, Oslo, 1977-1979
  • Du og jeg, Bergens Kunstforening, 1979
  • Hayter og hans norske elever, Kunstnernes Hus, Oslo, 1979
  • Europa til Norge, Gall. F 15, Moss, 1980
  • Norsk billed, Helsinki Taidihalli, 1981
  • Nyere utsmykninger i Hordaland, Bergens Kunstforening, 1981
  • Kunst aus Bergen, 1982
  • Kunst aus Malmö, 1982
  • Kunst aus Lübeck, 1982
  • Kvinner og kunst, Bryggens Museum, Bergen, 1983
  • Broderi 1683–1983, Vestlandske Kunstindustrimuseum, 1983

Ikke Angitt

  • Scandinavian Design Cavalcade, Bellacenteret, København, 1965

Litteratur

  • Berlingske Aftenavis, 08.12.1962
  • 5. Exposition Internationale de Gravure, Ljubljana, 1963, katalog
  • Marie-Claire Noël, Paris, 1963, nr. 110, s. 90–95 (ill.)
  • Gruppe 66: Grafikk, lyrikk, Bergen, 1966, s. 62–66 (ill.)
  • Lien, E., i Bergens Tidende, 03.1966, (ill.)
  • Simonnæs, O., i Bergens Arbeiderblad, 03.1966, (ill.)
  • Simonnæs, O., i Bergens Arbeiderblad, 29.03.1966
  • Lauhn, E., i Morgenavisen, 05.06.1969
  • Bergens Tidende, 03.03.1970
  • Stabell, W., Bergens Tidende, 14.03.1970
  • Breivik, T., i Bergens Arbeiderblad, 18.03.1970
  • Eksperimentell nordisk tekstil, Bergen, 1970, s. 22–23 (ill.), katalog
  • Nordisk Textillek, Helsinki, 1971, katalog nr. 55, Amos Andersons Konstmuseums. 22__-;23 (ill.)
  • Dagen, 22.05.1974, (ill.)
  • Morgenavisen, 22.05.1974, (ill.)
  • Morgenavisen, 27.01.1977
  • F 15 kontakt, Moss, 1975, nr. 6 (ill.)
  • Kunst og kunstnere i Bergen 1976, 1976, katalog Vestlandske Kunstindustrimuseum
  • Bergens Tidende, 27.01.1977
  • Flor, H., Bergens Tidende, 01.02.1977
  • Flor, H., i Dagbladet, 04.02.1977
  • Dagbladet, 08.04.1978
  • Johnsrud, E. H., i Aftenposten, 07.04.1978
  • S. W. Hayter og hans norske elever, Oslo, 1979, s. 24–25, katalog Kunstnernes Hus
  • Loge, ø., i Bergens Tidende, 05.10.1979
  • Europa til Norge, Moss, 1980, katalog Galleri F 15
  • Flor, H., i Dagbladet, 21.10.1980, (ill.)
  • Nyere utsmykninger i Hordaland, 1981, katalog Bergens Kunstforening
  • Bergens Tidende, 02.04.1981
  • Bergens Tidende, 10.06.1982, (ill.)
  • Bergens Tidende, 17.02.1984
  • Speilinger, jub.skrift utgitt Bergen kunsthåndverkskole, 1984, s. 21 (ill.)
  • Byggekunst, 1984, nr. 6 s. 320