Faktaboks

Kristen P. Hulebak
Hulebak, Kristen
Fødd
1755
Død
1826

H. er den eldste kjente rosemålaren i Hemsedal. H. hadde utført rosemålinga i koret i Hemsedal stavkyrkje som vart riven i 1882. Den rikt dekorerte stuga frå Bjørnebergstølen (1785 og 1792, Norsk Folkemuseum) er truleg H.s arbeid, utan at det kan dokumenterast. Det same kan seiast om ei rekke kister og skåp i Hemsedal (to på Norsk Folkemuseum) og ei kiste på Vesterheim museum Iowa, USA. Desse arbeid viser ein noko mangelfull teknikk, men målarglede og munter fantasi. Gjennomgangsmotiva i ornamentikken er enkle, stiliserte skjell, tulipanar og andre blomar.

Litteratur

  • Flaten, H., Hemsedals slektshistorie 1693–1923, Drammen, 1925, s. 265
  • Flaten, H., Hemsedal 1814–1914, Drammen, 1915, s. 154
  • Davidsen, T. M., Den gamle stavkirken, Oslo, 1964, s. 78
  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 79